onsdag 12. august 2009

Ripssafta er sikra

Jammen vart det ripssaft i år også. To liter rein ripssaft får halde for i år, vi vart litt for seint ute med plukkinga til saft, og dermed var bæra overmodne. Mykje bær som heng rundt i hagane, så kanskje vert det ein tur for å ringe på døra til naboen.. Ripsgele og ripsdessert er allereie sikra - dei kom i frysaren før sommarferien.

No står blåbærplukking for døra - må nok litt til fjells for å finne fin bær. Men det er berre kjekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar